Om

KOM I KONTAKT MED LOKALE SCENER OG ARRANGØRAR!

KOMPONER DI EIGA TURNÉRUTE! 

 

 

 

www.ungdomshus.no er ein del av prosjektet NU Kulturformidling. Intensjonen med portalen er å vere eit bindeledd mellom dei mange lokale ungdomshusa og artistar m.fl. som ynsker seg ut på turné. Ungdomshusa er små kulturhus og ligg rundt om kring i heile landet, både ute på øyer, inne i tronge dalar og langt oppe i små fjellbygder, mange der det i dag ikkje finst scener for profesjonelle kunstuttrykk. Det er mange moglege geografiske turné-ruter mellom Ungdomshusa, desse dekkjer heile landet, frå aust til vest, nord til sør.  

 

Noregs Ungdomslag (NU), skipa i 1896, er av dei leiande kulturorganisasjonane i Noreg, med nær 14.000 medlemmer i 400 lokallag. Føremålet er å skape engasjement og levande lokalmiljø, gjennom folkelege kulturaktivitetar.  NU Kulturformidling skal stimulere til auka bruka av Ungdomshusa som scener for profesjonelle kunstuttrykk gjennom fleire tiltak. Denne portalen er eit av tiltaka, vidare jobbar prosjektet med å etablere faste arrangørnettverk på ulike stader i landet. Bakgrunnen for prosjektet stammar frå 2013, då managmentet til Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland tok kontakt med Noregs Ungdomslag. Artistane skulle ut på ein omfattande turné rundt i landet, Heimafrå-turneen, og no var dei på leit etter scener og arrangørar. I samarbeid med NU vitja Nordstoga og Bratland fleire Ungdomshus dette året og i køymda av samarbeidet veks ideen om NU Kulturformidling fram.

 

NU er ein organisasjon med ein unik posisjon til å nettopp formidle profesjonelle artistar/grupper til små, lokale scener. Ikkje berre har vi ein heilt unik infrastruktur med ungdomshus fordelt utover heile landet, i bygd og i by, men vi er oǵ ein organisasjon med lange tradisjonar for kulturformidling og kulturproduksjon innan ulike sjangrar. Det å bygge arrangørane kring ein organsiasjonsstruktur som allereie finst er ein av styrkane med NU Kulturformidling. Arrangørane har allereie eit fellesskap gjennom organisasjonen og dei har dessutan ei eigarkjensle for dei fysiske husa. Det er ein mangel på mindre scener i Noreg, særleg scener som programmerar sjangerfritt. Mange artistar vil ut på turné, men leitar etter arrangørar som kan ta i mot dei. I byar og større tettstader finn ein eitt breitt kulturtilbod, men det kjem sjeldan profesjonelle utøverar til små stader. Kulturhusa blir i mange tilfeller for store, både for utøvar, arrangør og publikumstilfang.

Finn eit ungdomshus!